Velkomen til Sysendalen Skisenter

– skiglede for alle

2020!

God morgon og godt nytt år! Kl 0745 har me 1 plussgrad, vind frå vest-nordvest og overskya ver på Maurset. Det bles framleis godt i fjellet, og me er usikre på om me greier å opne T-trekket kl 13. Vinden skal ørlite ned utpå dagen, så me lever i håpet. Me oppdaterer kl 13. Barnetrekket går uansett frå 13-16 i dag 1.nyttårsdag. Skiutleiga og kiosken er og opne.

Det er så lite snø på gangvegen mellom Maurset og Liseth at me ikkje kjem til å preppe noko meir her før til helga att, men løypene står seg uansett ganske bra frå i går.

Til slutt vil me takke alle våre gjester for besøket i romjola. Me skulle sjølvsagt hatt både meir snø og finare ver, men slikt rår me diverre ikkje med. No nyttar me torsdag og fredag til å få dytta ut siste rest av kunstsnøen i hovudløypa, samt litt småreparasjonar på barnetrekket. Me ynskjer velkomen att på ski hjå oss på fyrstkomande laurdag. 

Vel heim!

Les meir

Sesongstart

No kl 0730 har me -9 grader, ein ørliten vestleg trekk og fint ver på Maurset. Meteorologane lovar kjempefint ver utover dagen. Me opnar begge trekk, samt hovudløypa og barneområdet i dag. Det er ikkje mykje snø, men me satsar på at det går bra. Om ein har moglegheit er det nok eit heitt tips å ikkje bruke dei skia ein er alle mest redd for. Begge trekk går frå 10 - 16, skiutleiga og kiosken er opne heile dagen.

Me preppar Storlia, gangvegen mellom Garen og Maurset på begge sider av elva og Isdalen no på kvisten. Minner om den frivillige løypeavgifta, sjå https://www.sysendalen.no/loypelaget for meir info.

Velkomen på ski hjå oss i dag!

 

Les meir

Sundagsope hjå Joker Eidfjord

Joker Eidfjord har sundagsope no til helga fra kl 14-18.
10% på alle varer i 2. høgda. Velkomen!

Les meir

Ei aldri så lita oppdatering

Ei aldri så lita oppdatering frå oss på Maurset! Me har fått produsert litt snø i to omgangar dei siste vekene, samtidig som me har fått ein del naturleg snø. Me har vore over hovudløypa, barneområdet og begge trekktrasèane med maskin, og held veret seg nokonlunde og me slepp lengre mildversperiodar kan me opne T-trekket og barneheisen 2.joledag. 

Me har hatt litt tekniske utfordringar med løypemaskina den siste veka, men desse er no retta og maskina har vore ute på tur i dag. Me har preppa løype frå Maurset og heilt inn i Isdalen, og me planlegg å preppe Storlia enten ikveld eller i morgon på føremiddagen. Rykta går om fine forhold i løypene til å vera såpass tidleg på sesongen. GPS-eininga som me brukar til å oppdatere Skisporet.no har teke kvelden. Ny er bestilt og er venta neste veke. ein vil difor ikkje sjå at løypene er preppa om ein kikkar på Skisporet.

Gutta har stått på siste dagane, så ein aldri så liten tommel opp om De treffer dei på Maurset eller i sporet er ikkje ufortent:-)

Les meir

Snart snøproduksjon!

Yr.no melder kaldare temperaturar mot helga! Om meldingane slår til startar me snøproduksjon så snart me får langvarig og stabil kulde. Minner om at det kun er 5 dagar att av årets førehandssal av sesongkort på www.sysendalen.no!

Les meir

Årets førehandssal av sesongkort er i gang!

Årets førehandssal av sesongkort er no i gang på www.sysendalen.no. Kjøp sesongkort før 01.12.2019 til særs gode prisar! Sjekk ut http://sysendalen.skisteder.no

Les meir

Støttespelarar

Home Logo 01
Flatearth Logo 180px
Home Logo 02
Hardanger Energi Logo 200px
Home Logo 03
Home Logo 04
Home Logo 05
Home Logo 06
Hotel Ullensvang Logo 180px
Destinasjon Eidfjord Logo 185px

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.

smily Velkomen til fjells!