Vinterferie!

Vinterferien er her, og med strålande vermeldingar ligg alt til rette for ei strålande vinterferieveke med mykje skileik og moro i Sysendalen! Me ber om at hytteeigarar i hyttefelta på Maurseth nyttar Leif Rune sin del av parkeringsplassen slik at me har plass til våre dagsgjester som kjem med bil. 

 

Fjelløypene vert preppa kvar dag denne veka så lenge ver og føre tillet dette. Hugs at dette er løyper som går høgt til fjells der ver og føre skiftar fort så tidleg på sesongen. Her kjem fjellvettreglane til sin rett, kjekt med kondomdress så lenge skikkelege klede og mat ligg i sekken. 

 

Til sist minner me om årets frivillige løypebidrag på kr 700,-. Løypebidraget kan betalast både via nettbank og Vipps, Vippsnr 82372 eller kontonummer 3450 37 86011. Presiserer at løypebidraget går direkte til Løypelaget, ikkje verken til Sysendalen Skisenter eller Hardangervidda Ski og Fjellsport AS.

 

Elles er butikken på Garen ope alle dagar heile veka frå 9-18, støtt opp om det lokale tilbodet!

 

Ha ei fin og sikker vinterferieveke hjå oss i Sysendalen!

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.