Takk skal de ha!
Me i Hardangervidda Ski og Fjellsport AS vil gjerne takke alle våre gjester for besøket så langt i joleferien. Tross eit trasig jolever og eit begrensa tilbod har besøket så langt vore langt over forventningane, det er veldig kjekt! Takk skal de ha!
Minner om redusert opningstid i morgon nyttårsaften og 1.nyttårsdag. Nyttårsaften har me ope frå 10 - 13, 1.nyttårsdag har me ope frå 13 - 16. Eit lite forbehald om vermeldingane for dei to komande dagane, då det ser litt ruskete ut mtp vind.
Ha ein fortsatt strålande joleferie!