Støttespelarar Sesongen 2019/20

Verksemder som vel å betale kr 1000 eller meir i bidrag til Sysendalen Løypelag sitt arbeid med produksjon av vinterløyper, vil bli lagt i lista her med namn og eventuell webadresse.

Send epost til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. ,så oppdaterer vi  fortløpende listen over støttespelarar

Takk til Kjærtveit Camping AS som allerede har meldt seg......

Til næringsdrivande i Eidfjord

Frivillig innbetaling til produksjon og vedlikehold av skiløyper i Sysendalen vintersesongen 2019/20

Sysendalen Løypelag er etablert av og for hytteigarar oggrunneigarar i Sysendalen, innbyggjarane i Eidfjord kommune og Sysendalen Skisenter AS. Sysendalen Løypelag er ansvarleg for utvikling og drift av løyper og stiar i Sysendalen.

Sysendalen Løypelag inviterer alle næringsdrivande til å delta med støtte til produksjon og vedlikehald av vinterløyper slik at me også sesongen 2019/20 får eit løypenett av god kvalitet, til felles glede. 

Det er Hardangervidda Ski og Fjellsport AS som leverer løyper i Sysendalen. Dei legg ned et betydeleg arbeid for at me skal få løyper som tilfredsstiller den kravspesifikasjonen som er knytt til løypeavtalen med Sysendalen Løypelag. Hyttefolket og grunneigarane i Sysendalen på si side gjer eit fantastisk dugnadsarbeid i løypetraseane sommar og haust. Denne  hausten er det også  lagt ned et stort antall dugnadsarbeid i Sysendalen. Sysendalen Løypelag vil i samarbeid med Sysendalen Hyttevelforbund, Eidfjord Kommune og grunneigarane i dalen, kontinuerleg jobba med utvikling av Sysendalen som eit attraktivt ferie og fritidsområde for både tilreisande og innbyggjarar i Eidfjord. Dette vil medverka til auka verdiskaping, vekst for kommunen og felles glede for alle.

Som næringsdrivande vel du sjølv kor mykje du vil bidra med. Dei som bidreg med kr 1000 eller meir vert lagt i lista over støttespelarar på www.sysendalen.no under fana til løypelaget. Me vonar flest mogeleg vel å delta. Uansett så set med pris på alle bidrag, stort eller lite. På førehand takk!

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.