Status løypebidrag 01.04. 2017

I samband med adresseprosjektet i Sysendalen, er det og gjort opptelling av talet på hytteeiningar i dalen. 932 hytteeiningar er det i Sysendalen. Det gjev eit inntektspotensiale for Sysendalen Løypelag på kr 652 400 dersom me får 100% oppslutning om løypebidraget.

I dag er litt over 60% av dette kome inn. Med fjelløypene er det no over 80 km med skiløyper i Sysendalen og i fjellet. I løpet av sommaren og hausten 2017 vil vinterløypene bli merka i samsvar med den nasjonale merkestandarden. Sommarløyper til og rundt Grytehorgi er og med.

Like etter påske 2017 vert arbeidet med ordentleg bru i Skitsetegila sett i gong. På sikt vil det og bli vurdert å få opp gapahukar på utvalde stader i løypenettet. Så bli med og støtt opp om arbeidet til Sysendalen Løypelag og Sysendalen Hyttevelforbund. Bruk vedlagte faktura eller bruk Vipps ved å søke på Sysendalen Løypelag og betal inn kr 700. Takk til alle dei som har bidrege med nær 500 timar dugnadsarbeid i løypenettet hausten 2016/vinteren 2017.

pdfFrivillig Innbetaling Løypeproduksjon 2017 HytteInnbyggjar.pdf

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.