Sesongstart

No kl 0730 har me -9 grader, ein ørliten vestleg trekk og fint ver på Maurset. Meteorologane lovar kjempefint ver utover dagen. Me opnar begge trekk, samt hovudløypa og barneområdet i dag. Det er ikkje mykje snø, men me satsar på at det går bra. Om ein har moglegheit er det nok eit heitt tips å ikkje bruke dei skia ein er alle mest redd for. Begge trekk går frå 10 - 16, skiutleiga og kiosken er opne heile dagen.

Me preppar Storlia, gangvegen mellom Garen og Maurset på begge sider av elva og Isdalen no på kvisten. Minner om den frivillige løypeavgifta, sjå https://www.sysendalen.no/loypelaget for meir info.

Velkomen på ski hjå oss i dag!