Sesongopning 2.joledag!

Me har lagt bak oss ei særs våt veke i Sysendalen, og mykje av snøen i terrenget har diverre forsvunne. No har det endeleg frose på, og me har framleis greit med kunstsnø i nedfart og trekktrasè. Det er meldt kaldt så langt langtidsvarselet rekk, og me er stort sett klare for opning av begge trekk 2.joledag! Frosen kunstsnø er HARDT, og har du ein kompis som ikkje har hjelm seier jolegåvetipset seg sjølv.

Mange har kjøpt sesongkort med KeyCard som allereie ligg registrert på deira konto på Skiperformance. Det er bra, tusen takk for det! Erfaringsmessig veit me at ikkje alle har oversikta over kvar desse KeyCarda befinn seg. Me lagar sjølvsagt nye kort om De ikkje finn att KeyCarda De har bestilt sesongkort på, men gjer likevel ein innsats på å få med Dykk rett kort i bakken fyrste dagen, så slepp me kø og forsinkelsar når alt ein eigentleg vil er å koma seg ut på ski!

Me slepp ikkje unna Covid`en denne sesongen heller. Me har difor begrensa kapasitet i varmestova, som i fjor. Einmetersregelen gjeld, og me ber om at De nyttar munnbind inne i varmestova dersom De ikkje greier å halde 1 meter til andre.

Velkomen på ski på Maurset 2.joledga kl 10!