Påskeferien 2019!

Påska nærmar seg i Sysendalen, og for eit ver me har i vente! Det er nesten ikkje til å tru. Som vanleg har me skisenteret opent kvar dag frå 10 - 16, saman med kiosk og skiutleige. Me grillar ute kvar dag så lenge veret tillet det, det vert god stemning! Den tradisjonsrike påskequizen med quizmaster Arild Riber går av stabelen langfredag. Dørene opnar kl 18, påmelding ved personleg oppmøte i varmestova frå kl 10 langfredag morgon. Her er det fyrstemann til mølla som gjeld. Maks 20 lag, 5 personar pr lag. Kr 50,- i påmelding.

Me har god tru på besøk av påskeharen på Maurset også i år. Me fekk såvidt to ord med han før han drog av garde til Norsk villreinsenter på Skinnarbu for årets vårmøte i helga, der han har engasjert seg sterkt i det mykje omtala kvoteforslaget for jakta 2019. Så lenge han held seg CWD-fri har han lova å droppa innom Maurset påskeaften kl 14.

Me preppar dei skiløypene som framleis har snø kvar dag, men finveret tærer på snøen i løypene nede i dalen,
så den sikraste løypa slik det ser ut no vert nok løypa inn mot Leirhalsen. Hugs at dette er ei løype som går høgt til fjells, der ver og vind skiftar raskt. Ta med utstyr for høgfjellstur! Løypa startar frå toppen av koffertløypa. Me held på så lenge me klarar i løypene nede i dalen og,  
følg med på Skisporet.no for oppdatert info.

Til slutt vil me minne om at hytteeigarar som nyttar parkeringsplassen på Maurset parkerer bilane sine 
på Leif Rune sin del av parkeringsplassen, lengst mot RV7. Me treng vår del av plassen til våre dagsgjester
som kjem med bil.

Me ynskjer velkommen til ein kjempefin påskeferie i Sysendalen!

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.