Påskeferie 2018!

Påska nærmar seg, og med eit godt påfyll med nysnø i dag ligg forholda til rette for ei kjempefin påske i Sysendalen! Langtidsmeldingane for komande veke ser heller ikje ille ut, så her vert det nok fine forhold for både nedover- og bortoverski.

Som vanleg vert me glade om hytteeigarane på Maurseth nyttar Leif Rune sin del av parkeringsplassen. Sjå bilete. Det er trasig for oss når våre dagsgjester som kjem med bil ikkje får plass på vår del av parkeringsplassen.

Me har bra med snø i Sysendalen for tida, og med advarslane om stor snøskredfare i Hardanger friskt i minne ber me folk tenke seg om før dei begir seg ut i bratt terreng utafor preparerte løyper. Me har ingen særs utsette stader nær skisenteret, men sjølv små skred kan vere farlege nok og det kan difor vere lurt å tenke seg om ein gong eller to før ein set utfor utafor preparerte nedfartar.

Den tradisjonsrike påskequizen går som vanleg av stabelen i varmestova langfredag kl 18. Dørene opnar kl 17, og det vert påmelding i varmestova frå langfredag kl 10. Max 20 lag med 5 personar pr lag, påmelding ved personleg oppmøte i varmestova frå kl 10 langfredag morgon. 50,- pr lag. Quizmaster Arild Ribar styrer som vanleg showet.

Me har booka påskeharen til Maurseth ca kl 14 påskeaften. Han er ein travel mann med eit stramt tidsskjema, men han har lova å halda seg i området.

Elles vert alle langrennsløyper preppa kvar dag heile påskeveka, skitrekket er ope 10 - 16 alle dagar. Kiosken og skiutleiga er opne kvar dag. Siste opningsdag for sesongen vert 1.påskedag. Butikken til Rannveig på Garen er open kvar dag heile påska frå 9 på kvisten til 18 på kvelden.

Velkomen på ski i Sysendalen i påska!

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.