Om Sysendalen Skisenter
Sysendalen Skisenter består av ein T-heis med 3 nedfartar, eit tallerkentrekk med tilhøyrande barneområde og ei nyrenovert varmestove. T-heisen har ein kapasitet på 1200 personar i timen, er 760 meter lang og har ei fallhøgd på 210 meter.
Varmestova har enkel servering, og innbyr til ein velfortjent pause etter ei aktiv økt med skikøyring. Det er heller ingenting i veien for å ta turen utan skisko på, for ei sosial stund saman med vener og kjente. Me har og gratis trådlaust internett for våre gjester.
Eit snøproduksjonsanlegg med 18 fastmonterte tårn er og installert, i tillegg til 4 mobile kanoner. Dette gjer at me får ein god og solid såle av kunstsnø i nedfarten. Dette er viktig både for å kunne tilby ein tidleg sesongstart og for å kunne tilby ein sesong som varer til påska er forbi.
Hardangervidda Ski og Fjellsport AS
Hardangervidda Ski og Fjellsport AS er driftsselskap for Sysendalen Skisenter med tilhøyrande kafeteria. Selskapet er eigd og drive av Arve Riber, Asbjørn Riber, Øystein Myklatun og Sondre Myrvang.
I tillegg til å drifte skisenteret vil me og sørge for nypreparerte langrennsløyper i Sysendalen og omegn i åra framover.
Kontakt oss
Sysendalen Skisenter
5785 Vøringsfoss