Mil etter mil med preparerte løyper

Turløyper

Hardangervidda Ski og Fjellsport AS er leverandør av langrennsløyper i Sysendalen og omegn, på vegne av Sysendalen løypelag og Sysendalen Skisenter AS. Løypene vert køyrt alle helger f.o.m jol til over påske, og er klare for bruk til kl 10 kvar laurdag og sundag. Løypene som ligg høgt til fjells, som Jøkulen og Horgaløypo, vert ikkje køyrt før vinterferien. Løypene vert preparert med ei Pisten Bully 100 løypemaskin med 3,1 m sporbreidde, og 2 sporsetjarar. Normalt preparerer me eitt klassiskspor og ein skøytetrase i same løypa.

Sjekk ut www.skisporet.no for oppdatert løypestatus!

 

Jøkulen

Jøkulen - løypa går nordøstover frå skisenteret, rundarLeirhalsen og kjem inn på Liseth løypa ved Hallingspranget. Løypa er ca 25 km og går frå ca. 800 til 1280 meter over havet. Krevande løype med mykje klatring, men med storslagen utsikt mot Hardangerjøkulen 1863 moh. Tips: Ta skitrekket til topps, og gå innover derifrå.

Bjørkehaugen

Bjørkehaugen - løypa går frå skisenteret og vestover, der den kryssar Bjoreio. Vidare går løypa på sørsida avelva, vestover mot Fet. Den gjerei sløyfe opp i Bjørhehaugen og fortset deretter mot Bjoreio - kryssar den og endar på Garen. Løypa er ca 10 km lang, og går i lett kupert terreng. Total stigning ca 100 meter.

Åstestølen

Åstestølen - løypa er ein avstikker fra Lisethløypa og går som ei rundløype innom Åstestølen hyttefelt. Lengde ca 2,5 km. Lett løype.

Storlia

Storlia - løypa startar i skisenteret og går langs gang- og sykkelvegen før den tek seg inn i terenget ved Tverrlia. Løypa kryssar elva Leiro og går vidare til Storlia der den gjer ei sløyfe. Lengde ca 10 km, lett løype.

Liseth

Liseth - løypa går frå Liseth innover Isdalen.Den tek seg opp Kveivane mot Stålhatten og vidaremot Hallingspranget. Der møter den Jøkulløypa. Løypa endar opp i skisenteret. Løype med total stigning på ca 500 meter. Lett løype innover den flotte Isdalen. Den skikkelage motbakken møter du i Kleivane. Middels hard løype.

Høl

Høl - denne løypa går frå Bjørhehaugløypa og gjer ei sløyfe nedom hyttefeltet på Høl. Løypa er ca 7 km. og består stort sett av motbakke og utfor. Artig løype.

Horgaløypo

Horgaløypo - løypa går fra toppen av skitrekket og opp på Grythorgi 1223 moh. Løypa er på ca 5 km og består stort sett av motbakke og utfor. Artig løype. Ideell for toppturentusiastar.

Garen

Garen - løypa går frå skisenteret vestover pånorsiden av Bjoreio via Garen til Liseth. Mellom Garen og Liseth fungerer også denne traseen som ljosløype.Total lengde ca 6 km. - lett løype.

 

turloyper sysendalen