Godt nytt år!

Hardangervidda Ski og Fjellsport AS ynskjer store og små eit riktig godt nytt år!

Om vermeldingane slår til startar me opp snøproduksjon i morgon tidleg. Meldingane lovar kaldt ver fleire dagar framover, og me kryssar fingrane for at meldingane slår til.

Me kjem til å prioritere å produsere snø fram til me har nok snø til å opne både barnetrekk og T-trekk. Me må nytta på så lenge me har gode forhold.

Nok ein gong ser me oss nøydd til å minne om at hovudløypa med tilhøyrande trekktrasè, barneområdet og området rundt køyrebua er forbudt område mens snøproduksjon pågår. Me har lange slangestrekk med over 40 bar vasstrykk og 8 bar lufttrykk, som er potensielt livsfarlege om dei vert påkøyrt med akebrett eller ski. Dette er og opplyst på skilt oppsett ved parkeringa, og me ber om at dette vert respektert.

Ha ei fortreffeleg fin nyttårsfeiring!

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.