God jol!

Ei lita oppdatering før jolefreden senkar seg over Sysendalen:

Me har fått produsert nok kunstsnø til å opne hovudløypa og barneområdet 2.joledag kl 10. Underlaget i nedfart og trekktrasè er utelukkande kunstsnø og dermed ganske hardt og stadvis litt isete. Hjelm er difor heilt sjølvsagt når ein skal ut på nedoverski. Dei som har kjøpt sesongkort på førehandssal hentar ut korta fyrste dagen dei kjem i bakken. Korteigar må vera med pga bilete.

Når det gjeld langennsløypene har me ikkje i nærleiken av nok snø for å kunne starte å preparere med løypemaskina. Pr no ligg det 10-15cm snø i terrenget, og me anslår at me treng minst 25 cm til før me kan starte å preparere gangvegen mellom Maurseth og Liseth. Trasig, men slik er ståa pr i dag. Me kryssar fingrane for meir snø framover, og er klare så snart snøen kjem.

Skisenteret og kiosken vert ope kvar dag i joleferien f.o.m. 2.joledag. Me held ope frå 10 - 16.

Hardangervidda Ski og Fjellsport AS ynskjer alle ei riktig god jolefeiring, me sjåast på ski i jola!