God 3.sundag i advent!

Me har så smått byrja å dytte ut kunstsnøhaugane på Maurset, og så langt ser det veldig bra ut! Me får ein god sole som forhåpentleg skal vara heilt ut til over påske. Som vanleg får me ein liten periode den komande veka med plussgrader og nedbør i form av regn, men me kryssar fingrane for at regnet ikkje reiser med for mykje av kunstsnøen vår. Som vanleg tek me sikte på å opne begge trekka til 2.joledag kl 10. 

I terrenget er det diverre ikkje mykje å skryta av førebels. Løypemaskina er på sumarbeite i Eidfjord, og der vert ho nok verande i alle fall ei veke til om meldingane slår til. Det positive er at løypelaget har vore ute med det nye utstyret og fått komprimert snøen på gang- og sykkelstiane, slik at det vetle grunnlaget som har kome toler noko meir nedbør som regn før det reiser. Det har og vorte gjort mykje maskinarbeid i løypene no på seinhausten, og me gledar oss til fyrste gjennomkøyring med løypemaskina. 

 Til slutt ynskjer me alle ei finfin førjolstid, og med eit øøørlite forbehold, velkomen på ski på Maurset 2.joledag!