Ei aldri så lita oppdatering

Ei aldri så lita oppdatering frå oss på Maurset! Me har fått produsert litt snø i to omgangar dei siste vekene, samtidig som me har fått ein del naturleg snø. Me har vore over hovudløypa, barneområdet og begge trekktrasèane med maskin, og held veret seg nokonlunde og me slepp lengre mildversperiodar kan me opne T-trekket og barneheisen 2.joledag. 

Me har hatt litt tekniske utfordringar med løypemaskina den siste veka, men desse er no retta og maskina har vore ute på tur i dag. Me har preppa løype frå Maurset og heilt inn i Isdalen, og me planlegg å preppe Storlia enten ikveld eller i morgon på føremiddagen. Rykta går om fine forhold i løypene til å vera såpass tidleg på sesongen. GPS-eininga som me brukar til å oppdatere Skisporet.no har teke kvelden. Ny er bestilt og er venta neste veke. ein vil difor ikkje sjå at løypene er preppa om ein kikkar på Skisporet.

Gutta har stått på siste dagane, så ein aldri så liten tommel opp om De treffer dei på Maurset eller i sporet er ikkje ufortent:-)

Kontakt oss

Dersom de har spørsmål, ynskjer å koma med forslag eller dele erfaringar med oss, 
så send oss nokre ord, eller ta kontakt på

(+47) 415 31 950

(i skisenteret si opningstid).

 

Sysendalen Skisenter, 5785 Vøringsfoss 
post@hsfs.no

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.