Velkomen til Sysendalen Skisenter

– skiglede for alle

Årets førehandssal i gang!

Skisesongen nærmar seg, og me er klare for årets førehandssal av sesongkort! I heile november månad kan du sikre deg sesongkort til heile familien til særs fine prisar! Følg linken "Kjøp skikort online" under Info her på sida for å gjera eit godt kjøp!

 

Så til eit aldri så lite forebehold: Me minner alle som kjøper sesongkort om at når det gjeld opningstider ifbm vinterferieveka 2019, så har me kun ope i vinterferieveka til Bergen; 25.feb - 01.03. Elles er opningstidene som før, med sesongopning 2.joledag.

Les meir

Løypekøyring to helgar til!

Løypelaget har bestilt løypekøyring i Sysendalen to helger til framover, så ikkje pakk vekk bortoverskia riktig endå! Følg med på www.sysendalen.no/hordaland/sysendalen

Les meir

Takk for besøket!

Hardangervidda Ski og Fjellsport AS takkar alle gjester for besøket i påskeferien og elles i sesongen! Snakkas i desember!

Les meir

Påskeferie 2018!

Påskeferie 2018!

Påska nærmar seg, og med eit godt påfyll med nysnø i dag ligg forholda til rette for ei kjempefin påske i Sysendalen! Langtidsmeldingane for komande veke ser heller ikje ille ut, så her vert det nok fine forhold for både nedover- og bortoverski.

Som vanleg vert me glade om hytteeigarane på Maurseth nyttar Leif Rune sin del av parkeringsplassen. Sjå bilete. Det er trasig for oss når våre dagsgjester som kjem med bil ikkje får plass på vår del av parkeringsplassen.

Me har bra med snø i Sysendalen for tida, og med advarslane om stor snøskredfare i Hardanger friskt i minne ber me folk tenke seg om før dei begir seg ut i bratt terreng utafor preparerte løyper. Me har ingen særs utsette stader nær skisenteret, men sjølv små skred kan vere farlege nok og det kan difor vere lurt å tenke seg om ein gong eller to før ein set utfor utafor preparerte nedfartar.

Den tradisjonsrike påskequizen går som vanleg av stabelen i varmestova langfredag kl 18. Dørene opnar kl 17, og det vert påmelding i varmestova frå langfredag kl 10. Max 20 lag med 5 personar pr lag, påmelding ved personleg oppmøte i varmestova frå kl 10 langfredag morgon. 50,- pr lag. Quizmaster Arild Ribar styrer som vanleg showet.

Me har booka påskeharen til Maurseth ca kl 14 påskeaften. Han er ein travel mann med eit stramt tidsskjema, men han har lova å halda seg i området.

Elles vert alle langrennsløyper preppa kvar dag heile påskeveka, skitrekket er ope 10 - 16 alle dagar. Kiosken og skiutleiga er opne kvar dag. Siste opningsdag for sesongen vert 1.påskedag. Butikken til Rannveig på Garen er open kvar dag heile påska frå 9 på kvisten til 18 på kvelden.

Velkomen på ski i Sysendalen i påska!

Les meir

Eidfjordmeisterskap!

Eidfjord IL arrangerer Eidfjordmeisterskap i langrenn og alpint hjå oss i dag! Dei startar kl 12 og held på ut over dagen! Ta turen!

Les meir

Kveldskøyring avlyst pga kulde og vind

Eidfjord IL har beslutta å avlyse kveldskøyringa og langrennskarusellen i morgon fredag, pga låge temperaturar og vind.

Les meir

Støttespelarar

Home Logo 01
Flatearth Logo 180px
Home Logo 02
Hardanger Energi Logo 200px
Home Logo 03
Home Logo 04
Home Logo 05
Home Logo 06
Hotel Ullensvang Logo 180px
Destinasjon Eidfjord Logo 185px

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.

smily Velkomen til fjells!