2020!
God morgon og godt nytt år! Kl 0745 har me 1 plussgrad, vind frå vest-nordvest og overskya ver på Maurset. Det bles framleis godt i fjellet, og me er usikre på om me greier å opne T-trekket kl 13. Vinden skal ørlite ned utpå dagen, så me lever i håpet. Me oppdaterer kl 13. Barnetrekket går uansett frå 13-16 i dag 1.nyttårsdag. Skiutleiga og kiosken er og opne.
Det er så lite snø på gangvegen mellom Maurset og Liseth at me ikkje kjem til å preppe noko meir her før til helga att, men løypene står seg uansett ganske bra frå i går.
Til slutt vil me takke alle våre gjester for besøket i romjola. Me skulle sjølvsagt hatt både meir snø og finare ver, men slikt rår me diverre ikkje med. No nyttar me torsdag og fredag til å få dytta ut siste rest av kunstsnøen i hovudløypa, samt litt småreparasjonar på barnetrekket. Me ynskjer velkomen att på ski hjå oss på fyrstkomande laurdag.
Vel heim!