Sysendalen - Porten til Hardangervidda Sysendalen Skisenter Kva skjer? Løypelaget Hyttevelforbundet
Startside
Sysendalen Skisenter
Løypekart
Ver og føre 25.02.17
Opningstider
Prisar 2016/2017
Online sal skikort
Skiutleige
Turløyper
Galleri
Webkamera
Følg oss på Facebook
Kontakt oss

Vèr og føre

Temperatur: -8 °C
Vind: Ørliten trekk frå aust
Snødybde: 80 cm
Åpne heisar: 2/2
Åpne nedfartar: 3/3
Forhold: Flotte forhold!

Oppdatert 25.02.2017

Les meir
 


Me har ope torsdag og fredag komande veke!
Minner om at me har ope 10-16 på komande torsdag og fredag. Kiosken og skiutleiga er og opne.

Velkomen

19.02.17
Datoar for kveldskøyringar er klare
Datoar for Eidfjord IL sine kveldskøyringar ifbm langrennskarusell:

03.februar, 18 - 21

10.februar, 18-21

17.februar, 18 - 21

10.mars, 18-21

Eidfjordmeisterskap langrenn og alpint vert arrangert 25.mars.

26.01.17
Skitrekket er ope kvar helg 10-16.
Skitrekket er ope kvar helg frå 10-16, sjå ver og føre rapport for nærare info eller følg med på Sysendalen Skisenter på facebook.

Velkomen til fjells!

14.01.17
Endeleg kom snøen!
Endeleg kom vinteren til Sysendalen! Me har fått 25-30cm nysnø inne på Maurseth, og me har fått grunnpreparert store delar av barneområdet. Får me 25-30cm til ser det ljost ut for opning av i alle fall barneområdet allereie 2.joledag. Meldingane ser svært lovande ut med tanke på meir snø, og me kryssar alt me har for at me får masse meir!

Me har preppa langrennsløypa mellom Maurseth og Liseth, rykta går om supre forhold! Me prøver å halde denne løypa preparert gjennom jolehelga, om det skulle koma meir snø vil resten av løypenettet opnast etter kvart. Opning av barneområdet på Maurseth vil få prioritet.

Me kjem attende med meir info kring opning utpå dagen 1.joledag. Hardangervidda Ski og Fjellsport AS ynskjer store og små ei riktig god jol!

23.12.16
Førebuingar
Me har brukt laurdagen til klargjering av både barnetrekk og T-trekk, ein del polstring samt vask og klargjering av varmestova. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dersom det ikkje set inn med godt snøver eller ein bitande kulde framover ser det dårleg ut for opning andre joledag.

Alt er imidlertid klart for snøproduksjon, så får me stabile forhold med temperaturar ned mot -8-10 grader set me i gang kanonene med ei gong.

Det trengs 15-20cm med snø for å kunne preppe langrennsløypa mellom Maurseth og Liseth, så framleis ser det ikkje heilsvart ut for å kunne få til dette innan 2.joledag. Det meste er avhengig av vergudane, og dei er det som kjent vanskeleg å rå med.

Me kjem attende med meir info så snart situasjonen endrar seg, og i alle fall innan jolekvelden:-)

17.12.16
Nytt løypekart
Ved å fylgje linken under finn de det nye sti- og løypekartet for Sysendalen. Kartet finnes og i bildeformat ved å klikke på linken "Løøypekart" i menyen til venstre.

09.12.16
LøypekartSysendalen20161031.pdf
Løypeavgifta kr 700 Vipps og SPING
Sysendalen Løypelag har no etablert avtale med Vipps (DNB) og SPING (Sparebanken Vest). Det betyr at det og er mogeleg å betale løypeavgifta for sesongen 2016/2017 med desse tjenestene. Løypeavgifta er uendra frå sesongen 2015/2016 kr 700. Sysendalen Løypelag og Sysedalen Hyttevelforbund samarbeider om utvikling og vedlikehald av løyper og satsen for løypeavgift er godkjend av årsmøtet/generalforsamlinga i Sysendalen Hyttevelforbund hausten 2016. Stor takk til alle som prioriterer å støtte arbeidet med turløyper i Sysendalen. Kontonummer: 3450 37 86011

09.12.16
Årets førehandsal av sesongkort!
Det nærmar seg ny sesong, og 1.oktober dreg me i gang årets førehandssal av sesongkort! Velg "online sal skikort" i menyen til venstre, og følg deretter instruksjonane for å kjøpe sesongkort for komande sesong til gode prisar! Førehandssalet varar til 30.november. Sesongstart er som vanleg planlagt til 2.joledag, så lenge ver og føreforhold tillet dette.

Velkomen på ski i Sysendalen i vinter!

28.09.16
 

 

 

Hardanger Energi AS
 

 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 
Besøk: 2828910
Logg inn
 
Produsert av Okapi AS